Heimdal

En kort gjennomgang av historien rundt "Heimdalmotoren"..

 

Tekst av; Rune Thistel

 

Heimdal motorfabrik vart starta i 1916. Disponent var Tønnes Haukebø. Det vart i starten produsert 3 typer 12, 20 og 30 hk. Dette var veivkasse spylte 2takt glødekule- motorer. I 1919 vart Chr. Stensaa oppteken i Heimdal Motorfabrik A/S.

 

Stensaa dreiv sjølv eit lite motorverksted, og han hadde laga ein 3 hk og påbegynt ein 5 hk. Desse tok han med til Heimdal. Motorane gjekk under navnet Romsdølen. I 1919 Hadde dei 6 storleikar i produksjon og den største var på 40 hk. Alle motorene var utrusta med sentrifugal-regulator som verka på ei kjile. Regulatoren var på veivakslinga med regulatorlodda i koblingsklokka. Slik da går fram av bilete, hadde motoren den første tida, to innsprøytnings spisser, ein for olje og ein for vatn. I 1921 konstruerte Tønnes Haukebø eit nytt topplåk som gav eit mykje betre resultat i kraft utvikling og olje forbruk. Olje og vatn går no gjennom samme spissen, og då vart ein ikke plaga med attsoting av munnstykke.

 

1920 åra var ei vanskelig tid. I 1922 vart da forsøkt med eksport, 3 motorer vart sendt til Halifax i Canada, og året etter måtte fabrikken sende ein montør bort, for å rette opp feil. Kanadierne nekta å betale motorene før alt var i orden. Dette terde på fabrikkens ressurser. Og dei vanskelige tidene fortsette, i 1928 var det kroken på døra, Heimdal var konkurs

 

Eit nytt selskap vart stifta og fabrikken overteken av nye eigarar under navnet A/S Heimdal motor. I 1930 vart da for dei større motorene, 14/18 og større, laga ein ny regulator. Ein vertikal spiralhjul driven sentrifugal-regulator. Dei mindre motorene vart laga med den gamle regulatoren. Motorane kunne på bestilling leverast med topplåk med vridbar innsprøytnings spiss. Rundt 1935 kom da oljetrykk omstyring. Og topplåk med med stillbar spiss var brukt før 1941.

 

Med 50 åra kom ei ny tid, fabrikken flytta inn i nye lokale, den gamle Gideon-fabrikken. Nye motorer vart konstruert, med rullelager i kryss og ramme. Sylinderen fekk sløyfe spyling og da kom Bosch oljepumpe. På midten av 50 talet starta ein med produksjon av propeller og reversering til lettbyggde dieselmotorer, og i 1963 vart gearproduksjonen starta. Den siste motoren vart levert tilTorbjørn Remmen, Vikan i Roan i 1970 den hadde nr 2365. Frå 1929-1970 vart da produsert 967 motorer.

 

Fabrikken heiter i dag Heimdal Propulsion og er eigd av samme familie som tok over i 1929. Produksjonen i dag er gear og propeller.